Som vestlending i Trøndelag, busatt i Stjørdal i over 20 år, er eg etter kvart vorti kjent med ein del uttrykk og ord som denne landsdelen har så mange av. Alt sidan liten gut har eg vori oppteken av språk, og tilknytninga mi til nynorsk og ein på mange måtar gamalmodig dialekt har gjort at det vestnorske språket, med sine forgreiningar til Island, Færøyane og Shetland/Orknøyane, har opptatt meg spesielt.

Eit ord som tidleg tiltrakk seg merksemda mi var «såinn». Kva tydde det? Kvifor brukte dei det berre her i Stjørdal? Eg visste at ein «såinn» var det huset der dei tørka maltet — men det var og alt. Ordet fann eg ikkje i noko norsk ordbók. Men i ei norsk-engelsk ordbok frå 1850-åra fann eg endeleg det eg leita etter: «sorn», eit keltisk ord for ei innretning til å tørke korn. Dermed var mysteriet løyst.

Eg gjekk vidare på sporet. På eit antikvariat i Edinburgh fann eg ei bok frå tidleg 1800-tal der det sto skrive om ein «sorn» som vart brukt til å tørke malt i Skottland og Irland. Beskrivinga passa som hand i hanske med det vi kjenner frå Stjørdal: bord med hol, olderved, røyk. Det måtte vera vikingane som hadde teke med seg teknikken heim frå vesterled.

Seinare har eg funne fleire kjelder som støttar denne teorien. Mellom anna finn ein i gammalnorske kjelder frå etter vikingetida referansar til «sorn» og «såinn», men ikkje frå tida før. Dette er eit sterkt prov på at ordet — og teknikken — kom til Noreg med vikingane på veg heim frå dei britiske øyane.