Med rotfeste i tusenårgamal tradisjon er ølbryggjing i dag ein viktig og levande kultur. Øl er og ein viktig del av vår kulturarv. Ikkje berre for ølet i seg sjølv, men for det positive det har skapt og skapar med sosialt samkvem, tradisjon, utstyr og kunst i samband med ølbryggjing og ølservering, med myter og segn.
Den gong som i dag, var såvel ølbryggjarkunsta som kunsta å lage mjød både halden i hevd og godt verna som ein løyndom. Honning vart brukt både i mjød og i øl, og vart rekna som sjølve livseliksieren — symbolet for det evige liv. Så når sagaen fortel om Fjolne som druknar i mjødkaret, er dette like gjerne den tid sin måte å fortelja på at han oppnådde det han hadde higa etter heile livet — evig liv.
Sagaen fortel og at guden Odin lærde oss i Manneheim å bryggja øl. Og ølkulturen blømde i alle «heimar» slik kvadet til den allvitande underjordiske dvergen (vetten) Allvis vitnar om når han fortel guden Tor kva all ting, mellom anna øl, heiter i dei ulike «heimar»:
«Om øl: På grunn av kornets kraft og gode safter, forbedrer ølet menneskets hud og gir det en god ansiktsfarge.»
— Den hellige Hildegard, abedisse i Tyskland 1098–1178
Frå Allvismål (Den Eldre Edda), Allvis kvad:
«Øl i Manneheim,
hjå æser Bjor,
Veig segjer vaner,
Hreina log jotnar,
Mjød i Hel,
Sumbl hjå Suttungs søner.»
I Manneheim bur vi menneska, og alle veit kva øl er.
Blant æsene finn vi nokre av dei mest kjente gudane: Odin, Tor, Balder, Kvase og fleire. Snorre meinte æsene kom frå Asia. Frå Asia får vi i våre dager eit «mytisk» øl, Kirin. Kirin er den som i Austens mytologi står fram ved festlege og glade lag, og særleg i samband med øl. Kirin var halvt hest og halvt drake, og fekk sonen Confucius saman med kineserkvinna En Chen Lai. Som Allvis seier, vert ølet omtala som Bjor hos Æsene, den fremste norrøne gudeslekta.
«Då jästen sloges i vörten, ropade den som gjorde detta af alla kräfter: — Hoj lust!! Dessa ord skulle upprepas tre gånger.»
— Ord fra Sverige
«Jeg er gjordt af Olderrod drik af mig saa faar du mod.»
— Tekst på ølbolle
Vanene er den gudeslekta som står for fruktbarheit, rikdom, fred og seid (trolldom). Her finn vi mellom anna guden Njord. Æsene og Vanene var i krig, men då dei slutta fred, blanda båe hærskarane spyttet sitt i same kar, og av det oppsto guden Kvase, mjødens opphavsmann. Æsene og Vanene utveksla gislar, og ein av desse frå æsene si side var Mimir, han som Odin sette eine auga sitt i pant hjå for å få visdom ved å drikka av Mimirs Brunn. Øl heiter hjå vanene Veig.
Jotnane, storvaksne og råsterke innbyggjarar i Jotunheimen. Trass i motsetningar, knytta gudane fleire jotnar til seg. Ein av desse var Mimir. Hreina log kalla Jotnane ølet sitt. Nord og i det underjordiske ligg Hel, dødsriket. Her styrer gudinna Hel, syster til Fenrisulven og Midtgardsormen. Her var drikka Mjød.
«Må vi ikke takke himmelen, fordi den har vist oss den nåde å gi oss vin til trøst.»
— Alexandre Dumas, fransk forfatter som ikke nevnte noe om øl…
Dei to dvergane (vettene) Galar og Fjalar drap den vise guden og blodet hans blanda dei med honning og laga ein heilt særskilt Mjød, Odrøre («den som set sinnet i bevegelse»), i eit kar med same namn. Dei same dvergane hadde også drepe foreldra til Jotnen Suttung, og han tok hemn. Men vettane kjøpte seg fri ved å la Suttung overta Mjøden. Det var denne mjøden Odin stjal frå Suttung og tok med seg til Gudeheimar. Suttungs Mjød — skaldskapens mjød. Og sitt øl kalla dei Sumbl.
Frå soge og saga, og frå levande tradisjonar i Noreg, finn vi kjelder om korleis øl vart bryggja og brukt til kvardag og til fest, til alt frå barsel til gravøl. Om malt og gjær, om vatn, og ikkje minst om korleis dei gav ølet ulike smakar ved tilsetjing av urter og anna.
«Drik venskabs skaal, ønsk landet held, at fred maa bo blandt Norges fjeld!»
— Tekst på ølbolle
Kirin er Japans største bryggeri, og et av de fem største i verden. Det ble faktisk grunnlagt i 1870 av en nordmann, Johan Martinius Thoresen fra Arendal.
Lenge før humle vart teken i bruk som aromatilsetjing i øl i Noreg, brukte nordmenn andre aromatilsetjingar som einbær, einlog (avkok av einer), kvann (Angelica Norvegica), pors, honning og mykje anna. Seinare kom humle i bruk. I Frostatingslova frå år 1260 finn vi at Håkon VI Magnusson forbyr utlendingar å selje humle til bøndene i mindre kvantum enn heile sekker. Humle vart og dyrka mange stader, og sjølv på dei inste fjellgardane dyrka dei si eiga humle. At øl var høgt verdsett, vitnar mykje om. Til dømes gjorde pave Innocens VIII dispensasjon for den norske kyrkja frå å bruke vin til altars, og tillet i staden å bruke øl og mjød.
Frå så langt soga går attende, har nordmenn bryggja øl av ulike slag etter velprøvde oppskrifter. Dei sette si store ære i å bryggja og servera godt øl, og la vel så mykje flid i si ølbryggjing som andre kulturar i si vinleggjing. Ølsmidur (ølbryggjarar som var svært dyktige) let kunsta gå i arv til sine etterkomarar.
«Lat det merkjast i meir enn i ordi, at me halda den arven i stand.»
«Veien til større edruelighet går gjennom en alminnelig hevning av levestandarden, gjennom opplysning og atter opplysning, adgang til bøker, til foredrag og til tilstelninger med lødig innhold, og ordentlig utnyttet friluftsliv. Legger man grunnen til rette for et menneske til å leve og bo godt, med jevnt godt økonomisk utkomme, da vil kravet etter rusdrikk også bli et sekundært krav.»
— Ap-representanten Løberg i Stortinget 1946