— Det har vore skikken her på garden at ølet skal være av heimeavla korn, fortel Edvard Langeland, ungbonden i Utigard på Faleide, straks vest om Stryn. I to døgn har han fylgt gangen i ølet med spaning. Letta på kledet over gilen, og gleidd seg over små klukk og angen av gjær som har spreidd seg mellom veggane.

— Det er mykje arbeid, men jammen er det verd strevet, seier han, og fyller bollen på nytt.

«Jeg staar for dig både rød og blaa, som krigsmand med sin vaaben paa! 1848», står det å lesa med sirleg skrift kring kanten. Eit utal av lepper gjennom 150 år har ikkje greidd å viske bort korkje tekst eller fargar. Karane frå Utigard, Midtigard og Inigard nikkar velnøgde etter kvart som julaftabollen i Utigard går på vandring frå hand til hand og leppe til leppe. Dei smattar og drikk så lenge pusten strekk til, og turkar gjærskum av leppene.

Anders Øen har vore med på mange brygg både her på morsgarden og andre stadar. Han kjenner tradisjonane frå den tida da dei var sjølhjelpne med alt.

— Beste meltetida var april-mai, fortel han. Etter tradisjonen var bryggjing kvinnfolkarbeid. Karene tok seg av drikkinga. Beste maltet fikk ein når spiren grodde to trideler opp i kornet. Vart spiren for lang, kvarv krafta. Mygl i turkinga var farleg. Særleg den kvite. Det vart spyøl.

Anders fortel lett medan arbeidet fylger gamle rytmar. Einelogen putrar og kokar. Nokre karar auser over gil og ruste for at alt skal vere skikkeleg reint. Etter ein time med koking kan meiskinga ta til.

Bryggekar og bollar
Bryggekar og drikkebollar.

— Eg brukar å meiske eit par timer. Første timen let eg det vere ganske tjukt, men så fyller eg på meir einelog. Det er viktig at den ikkje er for varm. Den bør ikkje kome over 70 grader. Då bind det søtstoffet, seier han, medan den gode angen frå søtt korn og einelog pirrar smak og luktesans.

Så er meiskinga over. Anders lyfter meiskespoda og ser at det dryp frå kanten. Det brukte gamlekarane som teikn på at det ville renne godt.

Rusten er klar. I Utigard har dei rustebotn — det er enklare enn å legge ein sil av einekvistar i botn. Nokre brukar orepinnar. Over silen legg ein einebær, og så auser ein over melsken.

— Første bytta ein tappar av, slær ein oppatt på rusten. Det må klare seg skikkeleg før ein byrjar tøme i gilen.

Knivane mot vonde vetter

— Vi får gjere som han Jakob Anders. Han sette knivar ned med banda i rusten. Det hindra at vonde vetter stansa renninga, ler Anders og leitar seg ein kniv.

— Jakob Anders la også knivar på bringa. Til vanleg var han ein gudfryktig mann, men då gamlelensmannen spurde han kvifor, svara han at ingen skulle få kaste kag (trolldom) på ølet, når han bryggja.

Edvard frå Utigard kan det dei gamle fortala. Vi gjekk ikkje så langt at vi skvette første dropane frå rusten utover golv og i døropninga, men gamle fortal kjem lett medan det veks i gilen. For kvar einaste trebytte som vert full, vert det skore hakk i pinnen som fortel om utviklinga. Sjølv om ein fylgjer med søtsmaken, er det viktig å holde talet på litrane.

— Vinteren er det ikkje så farleg, men for å vere sikre brukar vi nokre nevar med humle i melsken. Humla er viktig for smaken, men det hindrar også surt øl.

Mariauga og julnatti

«Mariauga» vert sett i ei trebytte. Gjæra vert oppløyst i nokre liter av vørteret. Den må setje fart til den skal i gåen. Namnet speglar attende på Jomfru Maria, og det faktum at ølbryggjing var ei heilag handling.

— Til den heilage natti — julnatti — skulde dei og ha bryggja. Det var bøter eller landlysing for dei som ikkje heldt påbodet, står det i Gulatingslova.

— Vi skal ikkje hefte oss i alt som vart sagt om trolldom, men på same måten som ved griseslakting, ynskte gamlekarane å bryggja når det var flødande sjø og veksande måne. Anders har lang røynsle som bygdeslaktar. Den tid det var julegris på dei fleste gardane, var han lite etterspurd i veksande måne, men i minkande måne kunne han arbeide dobbel dag. Dei meinte at flesket vart drygare då.

Siste akt i bryggjinga, før ein set gjæra på høveleg temperatur, er humlebeita. Ein pakke humle som kokar ein time i 15–20 liter av vørteret. Anders er nøye med å leggje av lokket — humlebeita skal lufte skikkeleg ut under kokinga. Nokre set på gjæra nær oppunder 34 grader. Andre vil ha temperaturen under 30. Det er spørsmål om vane, og kva gjæra er vand med. Dei som steller gjæra skikkeleg, kan ha den i generasjoner. Det vert fortalt at gjærkulturen ved Hansa Bryggeri kjem frå Oppstryn. Doktor Sopp uttala ein gong at nordfjordingane hadde reinaste gjæra i landet.

Vi tek kveld frå bryggjinga medan dei første ploppa smell under teppet over gilen. Vi listar oss stille på dør.

— Uro ikkje gjæra i gongen, då vert det dårleg øl! sa dei gamle, som tok av seg tresko og gjekk stilt om dørene til ølet var trygt i bollen.

Oppskrifta på Stryn-ølet

Anten ferdig malt eller sjølvlaga korn som ein bløyter, gror og turkar sjølve. Grovmel kornet dagen før bryggjinga.

Bryggjedagen byrjar med koking av einelog og reingjering av gil og ruste. Ein bløyter kornet i gilen (trefat som tek eit par hundre liter), med god einelog som ikkje er over 70 grader (meiskar).

Etter to timar ausar ein det over i rusten, der ein har lagt ein sil av einekvist eller or i botnen. Ausar over einelog før ein byrjar å tappe. Tappar seint for å få med alt det søte.

Mot slutten tek ein av vørter til å koke humla. Til eit brygg av 50 kilo malt går med eit halvt kilo humle. Humlebeita kokar minst ei time, og mange kjøler den ned før ein blandar den med vørteret.

Mellom 30 og 33 grader tømer ein Mariauga i gilen, og gjæringsprosessen er i gang. Nokre sper også på med litt kandissukker for å få sterkare øl — det er brot på den gamle bryggjekunsten.

"Alla inbjudna gäster, det kunde röra sig om 3–400 vid ett stort bybröllop, fic i god tid lämna malt och humle til värdgården. En kappe för man och en halv för kvinnan (en kappe = 4,58 l), som sedan bryggdes til bröllopsöl i gårdens brygghus."

— Den svenske reisebokforfatteren Abraham Hülphers om førebuingar til bryllaup i Leksand i Dalarna. Med 400 gjester (halvparten av kvart kjønn) vart det 1,4 tonn malt, nok til iallfall 4000 liter øl — eller ti liter til kvar. I gjennomsnitt…
Bryggerinæringa er ikkje gammal

Med tanke på kor gammal maltøl-tradisjonen er, er den meir profesjonelle bryggerinæringa her til lands nokså ung. Først i 1776 vart det første ølbryggeri oppretta i Christiania, og produserte for skipsbesetningar. 25 år seinare kom dei første bryggeria som laga øl for vanlege borgarar.

Før denne tida var altså alt øl heimebrygga etter mellomalderske metodar — som dagens maltølbryggar faktisk fortsatt gjer det, iallfall i Stjørdal. I 1857 var det ikkje færre enn 343 bryggeri i Norge, ikkje minst fordi styresmaktene oppmuntra til ølsal for å demme opp for det stadig aukande misbruket av brennevin.

Mest øl i Kragerø

Og vi som trudde at sørlendingane berre drakk kaffi, både heime på terrassen og i det kvite bedehuset. Slik er det visst ikkje, skal vi tru ein statistikk frå Rusmiddeldirektoratet. Kragerø er faktisk ølkommune nr. 1 i landet. Her vert det kjøpt øl for 6000 kroner for kvar innbyggjar i året, mens landsgjennomsnittet er 2200 kroner. Det bur 5800 over 18 år i Kragerø, og det vert selt øl for 33 millionar kroner.

Men ein vesentleg del av biletet er nok dei svært mange sommartilreisande som meiner at det er nettopp i slike omgjevnader og i fritida at øl passar godt. Dessutan hadde Kragerø ikkje Vinmonopol-utsal før 1992, så forbruket av vin og brennevin har vore mindre enn i andre delar av landet.

Hvis ein skal tru den offisielle statistikken. Og det kan ein jo ikkje, i desse HB- og smuglartider.